ToneroseDesign

You Are Viewing

A Blog Post

{Gjesteinnlegg} Nydelig gjennomført barnedåp til en liten prins {Inspirasjon}

IMG_2088

Velkommen til ToneroseDesign ♥ I dag er jeg så heldig å få lov til å vise bilder ifra NYDELIGE dåpen til vakre lille William (hihi, nei ikke William som jeg har vist elegant elefantinspirert-kake, kaketopper og trykksaker til disse siste dagene – men en annen skjønn liten prins med samme navn! ♥) HERLIGE Irene, mamma’n til William, har skrevet et flott innlegg til oss – her er det bare å kose seg! Hun har hentet mye inspirasjon ifra bloggen min, og vi mailet frem og tilbake i forkant av dåpen. Så, om du har tittet innom ToneroseDesign tidligere kjenner du sikkert igjen litt – kjempegøy å se hvor vakkert Irene har laget dette istand! Kos deg massevis med dagens innlegg – og hjertelig takk til herlige Irene som deler med oss! ♥

Klikk deg videre for å lese mer/se alle bildene…

————-

Gjesteinnlegg, William sin barnedåp 16.09.2012

Heihei! I dag har eg vore så heldig å få vere gjesteskribent på denne FANTASTISKE bloggen til Tone! Det er ei STOOOR ÆRE å få eit slik tilbod, så dette kunne eg ikkje takke nei til. Som fast lesar av bloggen, har eg henta MYKJE INSPIRASJONher inne, og beundrar denne fantastiske kreative og dyktige unge frøkna!!! =) For nokre veker sidan feira vi barnedåp til min lisje skatt, William, og i den forbindelse har eg fått mange tips og idear frå Tone. Eg vil i dette innlegget vise litt bilder og forklare litt korleis eg har laga dei ulike produkta.

Temaet for dåpen vart «BOBLEBIL», veeeeldig inspirert av Tone sitt tidlegare innlegg- hihi! =) som dykk kan lese her  og her.

Eg starta planlegginga av denne barnedåpen fleire månadar i forvegen, og ville ha ALT VEEEELDIG GJENNOMFØRT=) Sidan eg er veldig glad i lyseblå og blågrå, vart dette fargen på både invitasjonar og alt anna eg «scrappa» til dåpen.

Dåpsinvitasjon

DÅPSINVITASJONANE er laga av bazzil, farge: stonewash og struktur: criss cross. Invitasjonane har måla 15*15 cm, og er doble, dvs at ein får akkurat to invitasjonar pr kartong. Eg måtte sjølvsagt pynte invitasjonen med eit bilde av prinsen på framsida.I tillegg har eg brukt eit stempel med «dåpsinvitasjon», som eg har stempla på kvit kartong, og limt på med 3Dputer. Sjølvsagt måtte eg også pynte invitasjonen med ein «boblebilcharms». =) Denne har eg bestilt her.

Dåp 2

Inni kortet limte eg inn to bilder av dåpsbarnet, og pynta med prinsekrone som eg stansa ut med quickutztanga mi og chipboard, bostaven «W». Sjølve teksten i innbydelsen skreiv eg ut på printer, der eg hadde lasta ned ein stilig skrifttype som heiter «Chery Line». Denne skrifttypen har eg nytta på ALT dåpsmateriell. Korleis ein lastar ned denne fonten har Tone tidlegare forklart her.

Eg pynta også invitasjonen med ein boblebil, dette er ein dies til cuttlebug som kan kjøpast hos familieminner i Ålesund. Bildet av diesen er her. (Som dykk ser er dette ein poilitibil, så eg måtte fikse litt på denne for å få gi den litt meir boblepreg, hehe!)

Velkommen_til_dåpDåpslabels_med_bilde

Eg laga også to ulike INVITASJONSLABELSi word , ein som eg limte på baksida av invitasjonen og ein som eg pynta konvolutten med. Syns det var søtt å både få med bildet av dåpsbarnet og dåpsdatoen. Bildet eg har nytta er det same bildet som på framsida av invitasjonen, og på alle andre produkt.

Stilig når ein ser at ALT er gjennomført! =)

Dåpsinvitasjonane vart så sendt ut og resten av dåpsførebuingane kunne starte for fullt! =)

IMG_1067

Sjøvsagt måtte eg produsere BRUSFLASKER MED EIGENDESIGNA LABELS, valget falt på «pepsi max». Eg målte str på etiketten som alt var på flaska, og laga min eigen etikett i word. Eg limte inn bildet av William, samt skreiv på dåpsdatoen, og valgte ein blåfarge som bakgrunn. Ver obs på at etiketten kan smitte litt farge, dette sidan flaskene hadde lagt i kjøleskapet, og då dei kom ut i varmen «slo dei seg litt».

Saftflasker montasje

I tillegg til eigendesigna brusflasker, laga eg også SAFTFLASKER MED LOGO. Dette er små glassflasker som i utg.pkt inneheld sviskesaft, som er kjøpt i daglegvarebutikken. Eg la flaskene i vatn slik at etiketten falt av, deretter limte eg på kvit kartong som eg festa på med tosidig tape. Til slutt laga eg logo med bilde av dåpsbarnet som eg skreiv ut på kvit kartong. Eg brukte vanlege kvite ark, 160 g. Til å trykke ut sirklane har eg nytta ein puncher, som er kjøpt her. Denne sirkelen er deretter limt på blå kartong, som er trykt ut med dennepuncheren på 2 inch

Då var det berre å lime pynten på flaskene, finne fram sugerør og til slutt fylle saft i desse små søte glassflaskene. SUUUUPERSØTEStooor stas blant alle barna! =)

Dåp 19

Alle gjestane fekk ein liten SJOKOLADE MED «WILLIAMLOGO». Desse var ein del av bordpynten, då eg hadde plassert dei opp på kaffikoppe. Dette er kindersjokolade,med nytt design! =) Kjempesøte og ikkje minst NYDELIG gode!!! NAM!! =) Ein fjerner berre det ytterste laget med papir, slik at sølvpapiret blir verande igjen. Eg skreiv deretter ut nye labels i kvit glatt kartong med bilde av dåpsbarnet i tillegg til navn og dåpsdato som eg limte på med tosidig tape.

Dåp 18

I tillegg til sjokoladen, laga eg også SMÅ SØTE DROPSPOSARmed eigendesiga labels som alle gjestane fekk. Ein skriv ut labelsen og brettar etiketten, slik at etiketten viser på begge sidene. Det er viktig at ein speilvender eine sida ved utskrift, slik at skrifta vert lesbart frå begge sider. Dei små søte posane kan ein t.d. kjøpe på «Familieminner» i Ålesund. Labelsen er skrevet ut på kvit glatt kartong 160 g, med bilde av dåpsbarnet, dåpsnavn, dåpsdato og små blå boblebilar. Det å få tak i blå drops oppdaga eg var ingen enkel sak (dei få eg fant var uansett turkise!), men heldigvis fann eg desse hos Europris i PERFEKT farge! Nydlege lakris/salmiakkpastillar! =)

Dåp 17

Eg kosa meg også med å lage små KAKESKILT. Det var ingen som hadde matallergi i vår dåp, men det å lage små skilt der ein opplyser om t.d. glutenfrie kaker kan vere eit lite tips. Kakeskilta er laga på same måte som saftetikettane, men her valgte eg bilde av boblebilen istadenfor dåpsbarnet. Skilta er laga av kvit bazzil, struktur canvas.

IMG_1093

IMG_1418

Lys høyrer alltid med til eit festbord. I tillegg til å pynte med blå kubbelys i ulike str på eit fat, laga eg også desse DÅPSLYSAmed bilde av William. Dette er kvite kubbelys kjøpt på Nille, som eg har limt på eigendesigna logo, som er skrevet ut på spesialpapir kjøpt på «Bok og Media» i Ålesund (reknar med dei har dette i dei fleste «Pandurobutikkar»). Det er berre å klippe ut bildet og legge dette i vatn i eit minutt, og deretter lime bildet på kubbelyset. I tillegg pynta eg nokre av dei blå kubbelysa med litt hamp og festa på eit kvit trehjerte.

Dåp 11

BORDKORTA var små boblebilar laga av blå kartong. Mal på desse bilane finn ein herhos ToneroseDesign.

Eg skreiv ut navnet på alle gjestane på blå kartong, før eg teikna av mønsteret på arket. Dei store kvite sirklane er laga ved hjelp av passar og deretter klipt ut på frihand, medan eg har trykt ut den svarte sirkelen ved hjelp av ei quickutztang og denneboblediesen ( medium boble)

Blomsteren i midten av hjulet er stansa ut av quickutztang, ved å bruke dennediesen.

IMG_1142

Serviettane bretta eg som små prinsekroner. Framgangsmåte finn du her. Serviettane har ein nydelig rein blåfarge, og dei er kjøpt hos Europris.

IMG_1400

POPCORNBOKSAR laga eg også, men sidan Elias, storebroren til dåpsbarnet likar betre potetskruar, vart det dette som vart fyllt i boksane. Det smakte veldig godt med litt salt mellom alt det søte =) Oppskrifta på desse supersøte boksane finn du herhos ToneroseDesign.

Vimpel William 2

Vognhjerte

Frå taket mellom kjøkkenet og stova pynta eg med ein PRINSEVIMPEL som eg sjølv har sydd. Rundt omkring i huset, m.a. i vindua pynta eg i tillegg med blå hjerter. Vimpelen og hjerta får personleg preg, sidan eg trykker på ønska tekst som navn, fødselsdato og vitale mål ved fødselen. Hjerta er veldig søte på vogna eller på sengekanten, og vimpelen vert prikken over «i-en» på prins eller prinsesserommet! =) Dersom du ønsker å bestille ein slik vimpel eller eit søtt vognhjerte kan du besøke nettbutikken min her.

IMG_2088

Eg er veldig glad i ulike trebokstavar som formar ord, og i tillegg til å pynte med ORDET «WILLIAM», ramma eg inn eit BILDE AV DÅPSBARNET, som eg plasserte på pianoet i stova. Trebokstavane er frå leverandøren «Miljøgården», og er kjøpt hos Stranda Blomster. Ramma er kjøpt her.

IMG_1668 IMG_1670

IMG_1583 IMG_1579

Eg har drevet blomsterbutikk i over 8 år, og er difor LIDENSKAPELEG opptatt av blomster! BLOMSTERPYNTENunder dåpen fekk difor stort fokus, og eg klarte ikkje begrense meg! Hihi! Det vart difor både ein lang borddekorasjon, mosekuler med pynt og roser i vasar. Bordekorasjonen er laga av kvite roser, kvit phalanopsisorkide, eføy, ceropegia, «kvite perler på snor» og bjørnegras. For å lage mosekule treng ein oasiskule som har trekt vatn, flatmosen skal deretter surrast fast med ståltråd og pyntast med «kvite perler på snor». Deretter har eg stukke kvite orkidear inn i mosekula, og til slutt surra litt ceropegia ( desse populære hengeplantene der kvart blad er forma som eit hjerte) rundt heile mosekula. Eg laga fire slike kuler, og dei vert ekstra søte om ein plasserer to og to sammen. Mosekulene la eg på små kvite sinkfat.

IMG_1420  IMG_1425

Dei søte små glassvasane med hamp og hjerte er kjøpt hos Grønne Fingre i Ålesund. På bordet pynta eg i tillegg med små blå glassteinar og boblebilar kjøpt frå «Ebay».

Dåp 6

Då var det tid for å starte kakebakinga. Kakebordet vart vel litt i overkant, med heile ti ulike sortar fordelt på 23 gjestar!!! Hehe! Eit EKTE SUNNMØRSK KAKEBORD som det heiter! Det vart med andre ord ein god del restar! I tillegg til marsipankaker og andre godbitar, laga eg KRANSEKAKE SOM EG PYNTA MED SMÅ BOBLEBILAR laga av marsipan. På toppen pynta eg med ein boblebil, kjøpt på «Ebay». Marsipanen er Rema 1000 sin, og fargen som er nytta er denne(oppgi kode ToneroseDesign så får du 5% rabatt)

Dåp 3

Sidan ein del av gjestane var barn, MÅTTE eg nesten servere SJOKOLADECUPCAKES! =) Dette er alltid ein vinnar! Eg designa cupcakeswrappere og cupcakeskilt sjølv, og framgangsmåte kan du lese herhos ToneroseDesign. Eg pynta ein del av cupcakesa med sjokoladekrem som består av piska kremfløte og smelta mørk sjokoladeplate.

Dåp 5

Eg laga cupcakeswrappere i to ulike fargar, og laga cupcakespin med to ulike design. I tillegg pynta eg sjølvsagt cupcakesa med ein liten boblebil av marsipan.

IMG_1218

Heimelaga MOCCAFROMASJ vart servert i porsjonsglas, pynta med blå sløyfe og eigendesigna etikett. Dette er opprinnleg små sviskemosglas.

IMG_1266

Ikkje så enkelt å sjå kanskje, men dette er BOBLEBILAR LAGA AV BROWNIES. Dei er laga ved hjelp av ein liten kakeutstikkar som er kjøpt på «Traktøren» i Ålesund. Sidan brownies skal vere litt rå, kan det vere lurt å bake denne minst ein dag før servering, slik kaka får «stivne» litt før ein startar å trykke ut bilane. Dette var også ein sikker vinnar blant barna, den forsvant kjapt med andre ord! =) Anbefalast!

IMG_1395

Eg serverte også små BOBLEBILAR AV HONNINGMELON. Forma kjøpte eg på ebay, og den ser slikut.

Deilig med litt frisk frukt, mellom alle dei søte kakene. Dette er same form som eg brukte til å lage marsipanbilane med. Bilane stakk eg på ein tannprikar og plasserte dei i ei creme bruletskål, fylt av oasis og sukker på toppen.

Dåp 16

Her ser ein litt av det eg produserte til dåpen, samla. ( sviskesafta er endå ikkje tømt ut av saftflaskene nei. Hihi!)

Til slutt eit lite bilderas av festbordet! =)

IMG_1436 IMG_1415  IMG_1422

IMG_1246

 IMG_1440

Då trur eg at eg har fått med det aller meste. Håper dette innlegget var til inspirasjon. Eg STOOORKOSA meg i alle fall i fleire veker med både førebuing og produksjon av alt du no har sett bilder av! =)

Ønsker alle ein STÅRLANDES dag vidare! =)

Dersom Dykk har spørsmål er det berre å sende meg ein mail: ioveraa@hotmail.com

Klem frå Irene

2 Comments
Leave a Reply
Blogglisten hits Populære norske blogger